Ivar Halvorsen står bak etableringa av rådgiving- og rekneskapsfirmaet 5-Pluss AS, eit selskap han trur vil ha 6-7 tilsette innan utgangen av neste år. I desse dagar blir hovudkontoret på Frakkagjerd i Tysvær innreidd.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Hoppa av fast jobb og starta eiga verksemd
Etter nesten 27 år hos same arbeidsgjevar bestemte Ivar Halvorsen (55) seg for å satse på eiga hand. No smell startskotet for det nyskipa rådgiving- og rekneskapsfirma 5-Pluss AS.
Bjoabuen har til saman meir enn 30 års erfaring som rådgjevar og rekneskapsførar, dei 27 siste som tilsett hos Tveit Regnskap AS. I februar kasta han loss der, og no etablerer han sitt eige selskap kor han skal tilby rekneskapstenester og rådgjeving til bedrifter og landbruksaktørar.
— Tveit har vore ein god arbeidsgjevar, men etter å ha fått fleire spørsmål og oppmodingar om å starte opp nok sjølv, så valde eg å ta sjansen, seier han.
Mot straumen