Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Journalist Grethe Hopland Ravn
Grethe Hopland Ravn.

På tampen

Hopp til køys – det er sankthans

Om eit par dagar er det sankthans, men i morgon er det sankthansaftan. I følgje gamal tru er det mykje magisk som er knytt til nettopp dette lysaste døgeret i året. Kven har vel ikkje gått til sengs sankthansnatta med sju forskjellige blomstersortar under hovudputa, i håp om å drøyma om personen ein skulle gifta seg med? Eg kan like gjerne vera førstekvinne (for eg trur nemleg dette er eit kvinnefenomen) til å rekke opp handa for å innrømma at nettopp det har eg gjort. Rett nok var eg fjortis, og særleg romantisk var det heller ikkje. For det første drøymde eg ikkje om min framtidige ektemake i det heile tatt. Skuffa vakna eg og måtte erkjenna at draumen min den natta handla om at kaninane til fetteren min stakk av, og at eg ikkje fekk til å springa når dei skulle fangast inn igjen. For all del: Eg sprang – men kom liksom ingen veg. For det andre vakna eg med håret fullt av sommarblomar som hadde gått i oppløysing mens eg sov. Eg hadde nemleg misforstått, og trudde eg skulle ha blomane under hovudet… ikkje hovudputa.

Sankthans 24. juni er ei kyrkjeleg høgtid til minne om at døyparen Johannes blei fødd, og fram til 1770 var faktisk denne dagen ein offentleg heilagdag i Noreg. Kvelden før var derimot knytt til ei heidensk markering av midsommarnatta, der heksene nokre gonger gav seg til kjenne mens sankthansbålet sende gnistrar opp mot himmelen. Hamna gnistane på dyrka mark, blei det godt år for grøda, og stakk ein pinnar i jorda langs nysådd eng kunne ein venta seg rik innhausting. Sæden er fruktbar sankthansnatta, for både grøde, dyr og menneske» blei det sagt.

Av ein eller annan merkeleg grunn kom eg i tanke på intervjuet eg leste i Dagens Næringsliv for fleire år sidan. Då oppmoda nemleg statsminister Erna Solberg unge par i produktiv alder – til å få fleire barn. Aldri før hadde norske kvinner vore mindre fruktbare, og statsministeren kunne ikkje heilt forstå kvifor, sidan Noreg kan skilta med både verdas beste velferdsordningar og høg likestilling. Då artikkelen stod på trykk i 2018 fødde kvinner i gjennomsnitt 1,62 barn kvar. No er det endå verre, for i siste statistikk føder den norske gjennomsnittskvinna berre 1,41 barn kvar. I tillegg er ho eldre enn nokon gong, med sine 30,2 gjennomsnittsår som førstegongsfødande.

Powered by Labrador CMS