Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

No er det sett over 2 millionar dosar med koronavaksinar i Noreg. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB
No er det sett over 2 millionar dosar med koronavaksinar i Noreg.

Høie: — God framdrift i vaksinasjonen

NPK-NTB: Over 2 millionar dosar med koronavaksine er no sett i Noreg, viser tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

27. desember 2020 vart første koronavaksine sett i Noreg, og natt til onsdag var det oppdaterte talet på sette dosar 2.019.546, ifølgje FHIs oversikt.

1.503.794 personar har fått den første dosen sin, og 515.752 personar har fått den andre dosen sin med vaksine.

— Eg vil seie tusen takk til alle dei som står på ute i kommunane og sørgjer for så god framdrift i vaksinasjonen. Eg er veldig glad for at vaksinasjonen i Noreg held fram i godt tempo. Framover vil det komme endå fleire vaksinar og med det vil tempoet i vaksinasjonen auke ytterlegare. Dette er òg ein av faktorane som bidreg til at gjenopninga av Noreg kan halde fram utover våren og sommaren, seier helseminister Bent Høie (H) til NTB.

Den første koronavaksinen som vart sett i Noreg, var produsert av Pfizer og Biontech.

15. januar vart første dose av Moderna-vaksinen sett, og 7. februar vart AstraZeneca-vaksinen teken i bruk for helsepersonell før han etter kvart vart sett på pause.

Både FHI og Vorland-utvalet – som har sett på biverknadene av AstraZeneca og Janssen-vaksinane – ønskjer å ta desse ut av vaksineprogrammet, men er usamde om frivillig bruk.

Regjeringa har enno ikkje teke ei avgjerd om bruken av dei to vaksinane.

Høge smittetal

Det siste døgnet er det registrert 473 koronasmitta i Noreg. Det er elleve færre enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 437 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 392, så trenden er stigande.

Ved midnatt natt til onsdag var det utført 5,2 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 117.495 personar testa positivt.

Til no har 1.487.784 personar fått første dose av koronavaksinen, og 485.478 personar har fått andre dose.

Tysdag var 114 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var tre færre enn dagen før.

Til saman er 767 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,9 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 17 dødsfall i Noreg.

Oslo

Det er registrert 86 nye koronasmitta i Oslo siste døgn. Det er 15 under snittet dei sju dagane før.

86 tilfelle er 50 færre enn måndag, og 36 færre enn same dag førre veke. Dei siste to vekene har det i snitt vorte registrert 109 smitta per dag.

Smittetala er høgast i bydelen Grünerløkka. Der ligg smittetrykket på 388 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene, og det vart registrert elleve nye smitta i bydelen siste døgn.

Etter det følgjer bydelane Bjerke (338) og Stovner (291).

Bydelen Ullern har for tida dei lågaste smittetala. Der er smittetrykket på 93 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene, og det vart registrert fire nye smitta i bydelen siste døgn.

Totalt er 34.820 Oslo-borgarar registrerte smitta sidan mars i fjor.

Powered by Labrador CMS