At regjeringa importerer jordbruksvarene vi manglar, samtidig som norske bønder må betale ei avgift dersom dei produserer for mykje mjølk, er komplett fallitt på rekke og rad, meiner Høgres landbrukspolitiske talsperson, Lene Westgaard-Halle.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Høgre ut mot landbruksministeren etter egge-, mjølke- og potetmangel
Mangelen på fleire jordbruksvarer viser at landbrukspolitikken har spelt komplett fallitt, meiner Høgres landbrukspolitiske talsperson, Lene Westgaard-Halle.
– Situasjonen vi står i understrekar at dagens landbrukspolitikk ikkje fungerer. Det er politikk frå 1950-talet, seier Westgaard-Halle til
VG.
Ho siktar til at det periodevis er utselt for egg i butikkane, at Tine importerer mjølkepulver på grunn av mjølkemangel, og at mangel på norske poteter har ført til at butikkane må importere frå utlandet.
For å få ei forklaring på korleis ein kunne hamne i dette uføret, har landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) kalla inn Tine og Nortura til eit møte som ifølgje Nationen skal haldast tysdag.
Kvart år bestemmer staten kor mykje mjølk som skal produserast etter tilrådingar frå samvirket Tine for mjølk. Også samvirket Nortura, som produserer egg og kjøtt, gir staten råd før dei bestemmer kvotane til bøndene.
Viss norske bønder produserer meir mjølk enn det kvoten rommar, må dei betale ei overproduksjonsavgift til staten.
Westgaard-Halle er kritisk til at dei som regulerer marknaden er dei store aktørane, og foreslår derfor at ein vurderer ein uavhengig aktør som regulator.
Landbruksministeren svarer at han har lita tru på at ein uavhengig regulator som ikkje kjenner marknaden vil gjere ein betre jobb enn Tine.
– I ein normalsituasjon er overproduksjonsavgifta eit verkemiddel som hindrar overproduksjon og sikrar bonden ein anstendig og jamn pris for mjølka, seier Pollestad til VG.