Høg score på frivillig arbeid
Ei fersk undersøking viser at frivilligheit står svært sterkt i Etne kommune. Mange lag og organisasjonar samarbeider i dag med kommunen, og fleire ynskjer å bli med.
I vår gjennomførte kulturavdelinga i Etne ei spørjeundersøking av frivillige lag og organisasjonar i kommunen i samarbeid med kunnskapsbasen Frivillighet Norge. Målet var å kartleggja vilkåra for det frivillige arbeidet i kommunen. Til saman 101 lag og organisasjonar fekk tildelt spørjeskjema med spørsmål mellom anna knytt til drift, rekruttering, frivillig innsats, inntekter og samarbeid med kommunen. 65 lag valde å svara.
Eit av spørsmåla gjekk på samarbeidet med kommunen, og rundt halvparten av dei som svara opplyste at dei har eit samarbeid med kommunen i dag, og 81 prosent svara at dei opplever kommunen som positivt innstilt til samarbeid med frivillige lag. 23 ynskte å halda fram samarbeidet eller samarbeida meir med kommunen, og 30 lag svara at dei har eit samarbeid med andre lag og foreiningar i dag.
Kulturleiar i Etne, Morten Odeen, ser på undersøkinga som eit godt verktøy for vidare utvikling av det frivillige arbeidet og korleis kommunen kan stilla opp for å leggja best mogeleg til rette.