Ole Johan Vierdal viser fram bilde av brota etter fallet frå torvtaket. Han blir gåande på krykker utover hausten.
Foto: Øystein Silde Frønsdal
Høg fot ei god stund til
No har han kome seg heim til terrassen i Nedre Vats.
— Eg humpar no rundt på krykkene her, smiler Vierdal, og viser fram teikningane av brotet – rettare sagt brota – han pådrog seg etter fallet frå det torvdekka hyttetaket.
Venstresida tok støyten. Armen fekk fleire mindre brot og albogen fekk seg ein solid smell, men verst gjekk det ut over foten. Både legg- og skinnebeinet knakk. Venstrefoten er skrudd godt saman: Fire lange skinner støttar opp hovudbeina, og plater, skruar og skinner går på kryss og tvers for å halde dei ulike beina på plass.