Steinar Aalvik. Arkivfoto
På tampen
Ho der prinsesso
Ho kom til, den første skulehausten min. Eg kan ikkje hugsa at det vart gjort noka større vesen av det i småskulen, men i den største skulestova hadde lærarinna fortalt at no hadde landet fått ei ny prinsesse, og var det nokon som visste kva prinsessa skulle heita? Ein arm small til værs, og før armen var utstrekt kom det direkte Marta Lovise». Han vart mildt retta til at no var det eigentleg Märtha Louise, som var namnet.
Seinare har folket, det norske, fått fylgja med denne prinsessa gjennom å lesa i tidskrifte av det slaget som me berre les når me sit på ymse venterom. Me har sett henne stå midt i Oslo Gospel Choir og syngja om englar som syng høgt i kor, og stjerna som lyser om natta. Me har fått ta del i spekulasjonar om kven som eigentleg hadde betalt hesten. Me har fylgt henne inn og ut or ekteskapet, og gjennom barnefødslar.
I siste tida har ho visstnok rota seg borti ein del tull. Eg meiner at det er ikkje noko som me her på den norske regnkysten skal leggja oss bort i. Og slett ikkje eg som har meir enn tre fjerdedelar av genmaterialet mitt frå eit herad der heile 56 prosent av dei røysteføre røysta nei, då den danske prinsen Carl i si tid bad om tillit til å verta kong Haakon VII. Likevel greier eg ikkje å fri meg frå tanken på at ho hadde hatt det mykje betre, om ho slo seg i lag med meg. Tanken burde elles ikkje vera så heilt framande for nokon. Trass alt dreiar det seg om ei bondejenta frå Asker. Rett nok er ho frå ein noko større gard enn meg, men her på bruket har me hatt såpass dreis på drifta at me har klart oss med det. Far hennar måtte visst ta seg arbeid utanom bruket, etter det eg har forstått.