Her vil kommunedirektøren ha gigaskule
Kommunedirektør
— Me trur det er dette som gir det beste lærings- og utviklingsmiljøet, seier Folven Bergesen til Grannar i samband med presentasjonen av forslaget.
Kommunedirektøren sitt forslag legg opp til ei trinnvis omlegging av skulestrukturen. Første trinn vil bli nedlegging av Imsland skule og -barnehage og Bjoa skule frå skuleåret 2023/24.
Lang prosess
Prosessen mot ein ny skulestruktur i Vindafjord har gått over fleire år. I budsjett for 2019 blei det bestilt ei utgreiing av ein ny barnehage- og skulebruksplan for kommunen. Første steg var ein rapport utarbeidd av Norconsult presentert i august 2020 som blei sendt på høyring.
Etter planen skulle rapporten leggast fram på folkemøte, men desse vart utsette på grunna koronasituasjonen. 16. februar 2021 vedtok difor kommunestyret ein ny tidsplan for arbeidet med planen:
Prosessen med barnehage- og skulebruksplanen vert sett på pause ut 2021. Kommunedirektøren legg fram si tilråding til framtidig barnehage- og skulestruktur i januar 2022. Det vert folkemøte i februar-mars og høyring på kommunedirektøren si tilråding. Saka skal opp til politisk handsaming i mai 2022.»
Fire alternativ
Prosessen er nå i rute. Norconsult-rapporten og høyringsinnspel er gjennomgått frå eit opplærings- og byggteknisk perspektiv melder kommunedirektøren i ei pressemelding. Det er gjort vidare faglege vurderingar frå kommuneadministrasjonen, inkludert eit tett samarbeid med rektorar, styrarar og involvering av dei tilsette på fagsamling.
Det førelåg fire alternativ til kommunedirektøren si tilråding:
Alternativ 0
Dagens struktur med skular og barnehagar i alle ni bygder, men med bygging av nytt oppvekstsenter i Vats.
Alternativ 1
Nedlegging av Imsland skule og barnehage og Bjoa skule frå oppstart skuleåret 2023/24. Bjoa barnehage vert oppretthalde.
- Elevane frå Imsland til Vikedal skule
- Elevane frå Bjoa til Vågen skule
- Barn på Imsland barnehage til Vikedal (eller andre barnehagar i kommunen)
Bygging av ny felles ungdomsskule for kommunen i Ølen, og redusera til tre 1.-7.-skular i Skjold, Ølen og Vikedal.
- Frå oppstart skuleåret 2029/30
- Legga ned skulane i Vats, Vik, Sandeid og Vågen
Bygga om skulane i Vågen og Sandeid til barnehagar, klare til barnehageåret 2030/31. Då vil me legga ned barnehagane i Bjoa, Vats og Vik.
Frå 2030 vil kommunen såleis ha:
- ein felles ungdomsskule i Ølen
- tre 1.-7.-skular i Ølen, Vikedal og Skjold
- tre kommunale barnehagar i Vågen, Sandeid og Skjold
- private barnehagar kjem i tillegg (Vats, Ølen og Vikedal)
Alternativ 2
Nedlegging av Imsland skule og barnehage og Bjoa skule frå oppstart skuleåret 2023/24. Bjoa barnehage vert oppretthalde.
- Elevane frå Imsland til Vikedal skule
- Elevane frå Bjoa til Vågen skule
- Barn på Imsland Barnehage til Vikedal (eller andre barnehagar i kommunen)
Frå Hausten 2024 vert det tre 1.-10.-skular i Ølen, Vikedal og Skjold. Skulane i Vats, Sandeid, Vik og Vågen vert avvikla.
- Bygga om skulane i Vågen og Sandeid til barnehagar, klare til barnehageåret 2025/26
- Då vil me legga ned barnehagane i Bjoa, Vats og Vik.
Alternativ 3
Nedlegging av Imsland skule og barnehage og Bjoa skule frå oppstart skuleåret 2023/24. Bjoa barnehage vert oppretthalde.
- Elevane frå Imsland til Vikedal skule
- Elevane frå Bjoa til Vågen skule
- Barn på Imsland Barnehage til Vikedal (eller andre barnehagar i kommunen)
Bygging av nytt oppvekstsenter i Vats, ferdigstilt til oppstart skuleåret 2025/26.
- Gamle Vats Skule og Vats barnehage vert omdanna til felles oppvekstsenter.

Imsland skule og barnehage er føreslått nedlagt.
Kommunedirektøren sitt val
Kommunedirektøren har bestemt seg for å anbefale alternativ 1, og beskriv dette som alternativet som etter ei samla vurdering gir best resultat og utvikling for elevane i kommunen.
— Samstundes vert det sjølvsagt opna for å vurdera dei innspela som kjem gjennom høyringsrunden før det vert gitt ei endeleg innstilling til den politiske behandlinga som kjem i mai-juni. Alle konsekvensar ved alle alternativa er ikkje fullstendig utgreidde enno, og det vil bli gjort vidare arbeid fram mot innstilling til politisk behandling, seier Folven Bergesen i pressemeldinga.
Til Grannar grunngir han valet ytterlegare.
— Dette er ei heilskapleg vurdering av kva me trur gir dei beste utviklingsmoglegheitene for barnehagebarn, skuleelevar og tilsette. Kompetansesamling for tilsette og elevar styrkar fagmiljøa. Planen gir alle moglegheita til eit miljøskifte når dei kjem på ungdomsskulen, noko me tenker kan vere bra, meiner kommunedirektøren.
Han understrekar at det er eit vanskeleg val å ta å foreslå å legge ned Imsland skule og -barnehage og Bjoa skule i 2023, og ser at dette kan ha konsekvensar for bygdene og dei som bur der. Blant faktorane som har vore med i vurderinga er tal på elevar, reiseveg, og fødselstall over tid.
Framleis langt igjen
Sjølv om kommunedirektøren har komme med sitt råd er det langt igjen til eit vedtak i kommunestyret. Nå kjem ei offentleg høyring på planutkastet. 18. april er sendefrist for høyringsinnspel.
Det er planlagt folkemøte i siste halvdel av mars. Kommuneadministrasjonen kjem tilbake med endeleg dato og tidspunkt for møta i dei ulike bygdene innan kort tid.
— Dette blir primært informasjonsmøte, der det blir høve til å stilla spørsmål kring planutkastet. Desse møta vert ikkje rekna som høyringsmøte med referatføring. Dei som har innspel til planutkastet må levera dette gjennom kommunen si løysing for høyringsinnspel på nettsida vår, seier Folven Bergensen i kommunen si pressemelding.
Kommunedirektøren tar sikte på å legga fram saksframlegg og endeleg innstilling til politisk handsaming i løpet av første veka av mai. Det vert deretter lagt opp til behandling i ungdomsrådet og rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne rundt 20. mai, OPOM og DUK 30. mai, formannskapet 31. mai, og endeleg vedtak i kommunestyret 21. juni.
Vil samle kompetanse
I tillegg til at fleire vil bli skuffa over at deira lokale skule blir føreslått nedlagt, vil nokre kanskje undre seg over planane om å bygge ein ny stor ungdomsskule i Ølen, noko Norconsult budsjetterte til å koste 190 millionar kroner. Til Grannar fortel kommunedirektøren at han ser mange fordelar med ei slik løysing, blant anna kva gjeld kompetansen i lærarstaben.
— Samling styrkar profesjonsfellesskapet. Nå kan me få eit godt miljø med fleire lærarar som kan gjere kvarandre betre. Det ser ein på større skular der lærarane typisk har færre fag dei spesialiserer seg i. Mange lærarar som har ei spissa utdanning får kanskje ikkje jobba nok med faget dei verkeleg interesser seg for. Slik blir det også meir attraktivt for lærarar å søke jobb, seier Folven Bergensen.
Han understrekar at også dei små skulane i kommunen leverer gode elevar. Kommunedirektøren trekk også fram at det kanskje kan kjennast litt tryggare for dei minste barna på barneskular (1-7. klasse) enn skular med 1.-10 klasse saman.
Kommunedirektøren er klar over at dette kan bety lengre reisedistansar for mange ungdomsskuleelevar, men poengterer at alt er innanfor norma på 75 minutts reiseveg, og at det i stor grad vil vere dei same skulebussrutene som går, med nokre justeringar. Han seier det ikkje vil bli nokre store endringar for dei eit stykke unna skulen som skulle ønskje å gå på skular i andre kommunar.
— Det er lov å søkje, men me tenker ikkje det er veldig aktuelt, Folven Bergesen.
Skjold har vore den bygda som har hatt høgast fødselstal i Vindafjord, men likevel er kommunedirektøren klar på at storungdomsskulen høyrer heime i Ølen.
— Dersom ein berre skal ha éin ungdomsskule er det naturleg å legge den i kommunesenteret. Vidaregåande skule og bibliotek er her, slik at erfaringar kan utvekslast. I tillegg blir det planagt ein ny idrettshall i Ølen som ungdomsskulen vil kunne bruke, fortel Folven Bergesen.
Gode tomtemoglegheiter
Ei utfordring med storbygging er ofte å finne tomter, men i Ølen eig kommunen svært mykje areal til å potensielt huse nokre hundre ungdomsskuleelevar.
— Me har sett på moglege tomter i nærleiken av Ølen skule. Først må me ha ein reguleringsprosses, seier kommunedirektøren.
Han fortel at planane må jobbast vidare med etter politikarane har gjort eit vedtak, men tek Grannar med på sightseeing til ein potensiell byggestad på austsida av Ølen skule, der kommunen eig veg og ei stor mark, samt parkeringsplassen på nedsida av skulen. Kostnadane vil bli jobba med framover mot det politiske saksframlegget, så politikarane har det med seg når dei skal bestemme.
Førebudd på reaksjonar
Det eventuelle ombyggingsarbeidet med å gjere skulane i Vågen og Sandeid til barnehagar i 2029 vil bli utarbeidd nærmare når det nærmar seg, men handlar om å gjere visse tilpassingar med både ute- og inneområda. Kommunedirektøren seier at dei har tenkt på ein skulestruktur som kan stå seg dei nærmaste 30-40 åra, men er klar over at ein del kjem til å mislike forslaget.
— Eg tenker det blir ein del reaksjonar. Det vil nok vere både positive og negative, det er det inntrykket eg har når eg snakkar med folk i administrasjonen. Dette får eg sikkert meir informasjon om på folkemøta, avsluttar Folven Bergesen.