Rundt 400 personar jobbar på Westcon sitt veft i Ølensvåg. Ein god del av dei har adresse i andre kommunar enn Vindafjord. Det same gjeld fleire andre store arbeidsplassar i kommunen.
Arkivfoto: Westcon/Svein Egil Økland
Her kan det bli storstreik
Det er knytt stor merksemd til årets lønsoppgjer, og som vanleg kva som skjer i det såkalla frontfaget i industrien.
Fellesforbundet og Norsk Industri står i tvungen mekling over Industriovereinskomsten. Før meklinga tok til, vart det varsla om eit første streikeuttak ved konflikt, då på over 14 000 medlemmer.
Laurdag ettermiddag nærma det seg slutten på meklinga for frontfaget, førebels utan løysing. Fristen gjekk ut ved midnatt natt til sundag, men helt fram på overtid.