Her er god dyrevelferd i sentrum
Kontrastane er store frå skrekkbilda i NRK-dokumentaren til grisebonde Johannes Silde (48) i Etne. Han meiner god dyrevelferd er heilt avgjerande og at det er gjengs i distriktet.
Sist onsdag fekk tv-sjåarar over heile landet eit rystande møte med 13 grisebønder som braut ei rekkje reglar for sunt dyrehald. Dokumentaren viste ei skremmande haldning enkelte bønder har til dyrevelferd, og skisserte ei rekkje regelbrot knytt til dyra si helse. I Etne og Vindafjord finst det rundt 80 til 100 bønder som driv med gris, enten i full skala eller som delproduksjon, men heldigvis er ikkje dømet som blei vist i NRK Brennpunkt eit bilde som verken produsentar, det lokale mattilsynet eller slakteria kjenner seg igjen i.
— Eg såg deler av programmet og føler ikkje at dette er representativt for næringa. Norsk gris har det godt, seier Johannes Silde som har drive med sal av livdyr og råner til svineproduksjon sidan 1997.
Han er rysta over det han såg på tv-skjermen og skremd over haldningane til enkelte av bøndene.