Tobias Grønstad Kristiansen er klar for å søka seg inn på idrettslinja i Ølen, og håpar fleire gjer det same. Han har i alle fall oppmoda niandeklassingane Simen Sørheim (t.v.) og Ørjan Ytrenes til å gjera det når deira tur kjem. Foto: Grethe Hopland Ravn
Tobias Grønstad Kristiansen er klar for å søka seg inn på idrettslinja i Ølen, og håpar fleire gjer det same. Han har i alle fall oppmoda niandeklassingane Simen Sørheim (t.v.) og Ørjan Ytrenes til å gjera det når deira tur kjem.
Trioen knivar om kontrollen av ballen. Det gjer dei stort sett kvar einaste dag når dei møtes på kunsten»
Trioen knivar om kontrollen av ballen. Det gjer dei stort sett kvar einaste dag når dei møtes på kunsten»
Nils Are Golf. Arkivfoto
Nils Are Golf. Arkivfoto

Heilt topp med nytt lokalt vgs-tilbod

Tobias Grønstad Kristiansen (15) er avgangselev ved Enge skule, og skal snart søkja seg inn på vidaregåande. At Ølen vgs no vil starta med toppfotballinje, kunne ikkje passa betre for det unge talentet.

Publisert Sist oppdatert

Kunstgrasbanen i Etne har fått eit tynt frostlag over seg, og det knasar så smått i graset når ein traskar over banen. Ute på matta finn ein tre ungdommar som konkurrerer seg i mellom, og sjølv om lufta byr på minusgrader, er shorts og tynn genser meir enn nok til å halda varmen for dei aktive ungdommane. Det går i dribling, sentring, triksing og harde skot på mål.

Tiandeklassingen Tobias Grønstad Kristiansen er ein av dei som stort sett tar seg ei treningsøkt her på kunsten» kvar einaste ettermiddag, og denne gongen har han fått med seg niandeklassingane Simen Sørheim og Ørjan Ytrenes.

15-åringen har alltid likt fotball, og fekk augo opp for ballen så snart han lærte å gå. Mykje på grunn av storebror Eirik, som også likte fotball, og seinare har det handla om fotball både på fritida, på tv og online spel. For ikkje lenge sidan fekk også Tobias Grønstad Kristiansen høyra noko som gledde han stort: Til hausten får han høve til å velja toppfotball på Ølen vidaregåande skule. Det kunne ikkje passa betre.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS