På grunn av auka etterspurnad er heilmjølka no tilbake som eit alternativ for norske skuleelevar.
Foto: Emilie Holtet / NTB / NPK
Heilmjølka er tilbake i skulen etter 17 år
Etter 17 års fråvær er heilmjølka tilbake som eit alternativ for skuleelevane her i landet.
Heilmjølka vart fjerna frå ordninga med skulemjølk på grunnskular rundt om i landet i 2007, skriv Nationen.
Men etter auka etterspurnad er heilmjølka no tilbake som eit alternativ i norske skular.
– Vi har den siste tida opplevd auka engasjement og etterspurnad etter heilmjølk i sortimentet. Derfor tek vi no denne klassikaren tilbake inn i Skulelystordninga, skriv Tine på nettsidene til Skolelyst.
Tine skriv at det er kvar enkelt skule som avgjer om dei vil tilby produktet.
– Så ta kontakt med skulen din om du ikkje finn heilmjølk i din skules sortiment, skriv Tine.
(NPK)