Marita Kvitno Staurland frå Imsland er listetopp i Imsland sokneråd. Her opplevde dei ei valdeltaking på heile 47,5 prosent.
Heile bygda invitert
— Me har sendt ut personleg invitasjon til alle damer over 18 år i heile Imsland. Til nå har me fått 65 påmelde i alderen 18 til over 80 år, fortel Kristin Hansen som saman med fem andre kvinner utgjer det nye styret i Imsland Bygdekvinnelag.
I slutten av februar skipar dei til stor bygdefest for damene i bygda. Her blir det både forteljarstund, intimkonsert med Maria Toresen og ikkje minst kaffikos og drøs på programmet.
— Me har nokre overraskingar også, men det vil me ikkje ut med ennå, smiler Hansen lurt.