Ingolv Vevatne fekk både diplom og teikning då Landslaget for lokalaviser gav han heidersprisen.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Heiderspris til avisgründar
Ingvolv Vevatne (84) var med på etableringa av Grannar i 1973, og berre tre år seinare tok han initiativ til å samle alle dei små avisene i Noreg i ein interesseorganisasjon. Den er i dag kjend som Landslaget for lokalaviser. Historia kunne du lese i Grannar sist torsdag. Og under LLA si 40-årsmarkering i helga, vart Vevatne heidre med Heidersprisen for 2016.
I grunngjevinga frå LLA-styret heiter det at Vevatne såg det som avgjerande å kunne samla dei små lokalavisene i ein organisasjon der dei saman kunne arbeide for betre rammevilkår og utveksle erfaringar.
Med stor idealisme og mykje arbeid klarte den smålåtne Vevatne å halde organisasjon flytande til det var økonomisk muleg å tilsetja sekretær», står det i diplomet.