Det var her, i nærleiken av Bytunet og Rema 1000 i Haugesund sentrum valdshendinga skal ha funne stad.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Haugesund: Politiet ber om tips etter valdshending i helga
Natt til søndag fekk politiet melding frå ein mann i 20-åra om at han skal ha vorte utsett for vald kvelden før. Hendinga skal ha skjedd i området Bytunet i Haugesund sentrum laurdag kveld rundt klokka 23.00.
Til sjukehus
Mannen var heime då han kontakta politiet. Han opplyste å vere skadd, og det vart difor sendt ambulanse til hans bustad. Han vart seinare innlagd på sjukehus. Politiet ønskjer ikkje å gå inn på kva skadane består i, men mannen er ikkje livstruande skadd.