Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) fryktar for konsekvensane for dei kommunale skulane om det kjem ein montessoriskule. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) fryktar for konsekvensane for dei kommunale skulane om det kjem ein montessoriskule.

Hard skulekamp

Publisert Sist oppdatert

— Det er berre eit halvår sidan me vedtok å gå ned frå ni til sju skular. Grunnane den gongen var elevtal, lærarmangel og økonomi. Eg skjønner ikkje at me skal opprette nummer åtte igjen no, sa ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).

Ordføraren understreka at han synest Vindafjord Montessoriskule AS har komme med eit godt initiativ, og at det har blitt jobba godt, men at han vektlegg det heilskaplege bilete. Difor var han tydeleg på at kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt foreslåtte høyringsinnspel burde bli sendt. Her blei det særleg vist til at ein reduksjon i rammetilskot vil råke dei kommunale skulane.

Kommunedirektøren sitt forslag blei vedtatt med sju mot tre stemmer. Ivar Ødegård (Vindafjordlista), Mats Årvik (Frp) og varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF) stemte imot. Dei tre stemte òg for eit forslag om eit tilleggspunkt om at kommunen skal uttale seg positivt til etablering av ein montessoriskule, og ser at det kan gi ein samfunnsmessig positiv effekt for kommunen når ein har Montessori-pedagogikk. Dei seks andre representantane stemte mot dette forslaget.

Måndag var saka til behandling i Utval for oppvekst og omsorg (OPOM). Der blei det fem mot to stemmer for å vere positive til etablering av montessoriskulen på Bjoa. Saka skal opp til endeleg vedtak i kommunestyret 17. juni.

Powered by Labrador CMS