Formannskapet behandla spørsmålet om nedlegging av Vikedal legekontor med ein annan konklusjon enn Utval for oppvekst og omsorg. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Formannskapet behandla spørsmålet om nedlegging av Vikedal legekontor med ein annan konklusjon enn Utval for oppvekst og omsorg.

Hard kamp om legekontor

Eit fleirtal i formannskapet gav tysdag tommelen opp til å leggje ned Vikedal legekontor. Anne Cecilie Berentsen (Sp) er ikkje imponert over forsøka på å få nye legar, og vil at ein skal halde fram med utlysing før ein gir opp.

Publisert Sist oppdatert

— Dette er eit kontor som har fungert og fortener ei betre utgreiing, sa Anne Cecilie Berentsen (Sp).

Legekontoret har ifølgje ho historisk hatt god rekruttering.

Vikedal legesenter er i det gamle kommunebygget i bygda, der kommunen har ein leigeavtale. Ei eventuell nedlegging vil, om ho blir vedteken, skje i løpet av 2026.

Ikkje endeleg avgjort

I formannskapet var Berentsen inne som vararepresentant. Ho er leiar i utval for oppvekst og omsorg, der det med fire (to frå Sp, KrF og Vindafjordlista) mot tre (Ap, H og Frp) blei vedteke at Vikedal-kontoret skal bli oppretthalde, mellom anna i påvente av ny helse- og omsorgsplan, og at kommunedirektøren skal halde fram med å lyse ut stillingar og eventuelt kome tilbake innan 1. juni 2026 med ny sak om det ikkje lukkast. Berentsen fremja dette forslaget i formannskapet, men fekk berre støtte av Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista).

Therese Nesheim (H) fremja forslag om å gi kommunedirektør Yngve Folven Bergesen fullmakt til å avvikle kontoret i Vikedal og flytte dei to legeheimlane til Ølen legekontor. Dette forslaget fekk tre stemmer: Nesheim sjølv, Modolf Haraldseid (H) og Mats Årvik (Frp). Fleirtal blei det for kommunedirektøren si innstilling om å leggje ned kontoret i Vikedal og flytte ein heimel kvar til Ølen og Vindafjord legesenter i Skjold, med fem stemmer frå Årvik (som stemte supplementært då H sitt forslag ikkje fekk fleirtal), Leon Dyngeland (KrF), Øyvind Valen (Ap), Monica Nesheim (Sp) og ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).

Saka skal opp til endeleg vedtak i kommunestyret tysdag 21. oktober. Til då vil administrasjonen kome med eit kostnadsanslag på utbygginga eller påbygget som må til i Ølen for å kunne flytte begge heimlane dit.

Anne Cecilie Berentsen er ikkje fornøgd med at Vikedal legesenter kan bli lagt ned.

— Utvid horisonten

Folven Bergesen viste til at kommunen over lengre tid har prøvd å få tak i legar til Vikedal utan å lukkast, som forklaring på kvifor han foreslår nedlegginga i saksutgreiinga. Kontoret står straks utan faste legar.

— Det er med tungt hjarte me foreslår å leggje ned, sa kommunedirektøren i formannskapsmøtet.

Han poengterte at dei har hatt dialog med kommunar som har prøvd ut Nordsjø-turnus», og at erfaringane er at dette ikkje har fungert for å skape ein stabil legeteneste.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen fortalde at kommunen har lyst ut stillinga som fastlege i Vikedal tre gonger.

Berentsen hadde fleire innvendingar mot både saksutgreiinga og prosessen. Ho poengterte at det var i underkant av eitt år sidan den første stillinga blei lyst ut, og etter kva ho har forstått, har kontoret stilt spørsmål ved utlysinga. Sjølv opplevde ho annonsa som vanskeleg å finne og lite spennande.

— Eg saknar poeng som at me har eit godt næringsliv, kort veg til skule og barnehage og meir i annonsa, sa Berentsen.

Noko av det ho merka seg, er at fokuset i rekrutteringa til kommunen har vore vendt mot unge legar i Haugesund-regionen. Ho viste til at Vikedal tidlegare har lukkast med litt eldre legar med base nær Stavanger, og at eldre legar nasjonalt typisk er meir komfortable med å jobbe på kontor med færre tilsette enn dei yngre. Dette bad ho kommunen ta med seg i potensielle nye forsøk på rekruttering. Ho oppmoda òg til eit nærare samarbeid mellom legekontora i Ølen og Vikedal, med ein mogleg Etne-modell» der Skånevik-kontoret er utekontor» for legane i Etne.

Treng større utviding

Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) var òg svært kritisk til nedleggingsforslaget. For ho handlar saka ikkje berre om rekruttering og drift, men om kva slags kommune Vindafjord skal vere.

— Me kan ikkje berre sentralisere oss ut av alle rekrutteringsutfordringar, sa Klette Steinsland.

Ho reflekterte over at det er blitt meir kontroversielt å snakke om at det skal vere ni levande bygder, og viktigheita av nærleiken til legekontoret for innbyggjarane.

Den som var tydelegast på at ein er nøydd til å leggje ned Vikedal legekontor, var Mats Årvik (Frp). Han trekte linjene til at han foreslo dette i 2019, den gongen mest med sikte på ein økonomisk innsparing som viste seg å vere liten.

— Eg meiner som den gongen at det er fornuftig å leggje ned i Vikedal og overføre heimlane til Ølen, sa Årvik.

Mats Årvik (Frp) vil helst ha begge heimlane til Ølen, men stemte for å sende ein til Skjold då det ikkje blei fleirtal for det ønsket.

Therese Nesheim (H) omtala nedlegginga som del av eit større bilete der kommunen må gjere grep for å rigge seg for notid og framtid. Ho fremja forslag om å flytte begge heimlane frå Vikedal til Ølen. Spørsmålet om kvifor kommunedirektøren ikkje foreslår dette, blei løfta av fleire. Berentsen poengterte at for ho, som bur i Vikedal, vil det gå eit heilt dagsverk for ein legetime i Skjold.

— Me har plass til ein til i Ølen, men ikkje to. Då må det i så fall gjerast ei større utbygging eller kome eit påbygg, svara Folven Bergesen.

For å utvide med ein heimel i Skjold trengst det berre ein mindre ombygging. Før debatten tok kommunedirektøren opp noko av kritikken som har kome mot at kommuneoverlege Terje Kleiven, som òg er byggeigar for Vindafjord legesenter i Skjold, fekk kome med ein uttale vedlagt saka. Han poengterte at Kleiven sin uttale berre informerte om lege- og rekrutteringssituasjonen, men ikkje tok for seg noko om flytting av heimlar og kvar.

Powered by Labrador CMS