Har strikka julevottar i heile haust
Det er onsdag kveld og tid for det faste treffet til medlemmene i Vindafjord Husflidslag. Ein liten gjeng flittige damer har funne vegen til klubblokalet på Helgevoldhuset i Sandeid, der dei bruker å treffast når dei to gonger i månaden samlast for å dyrka si felles interesse, handarbeid, og nå er dei klar for ei ny arbeidsøkt med strikkepinnane og synåla. Ein kaffiskvett med noko godt å bita i høyrer også med når damene møtest til arbeid og drøs, og som regel har dei eit tema for kvelden der alt frå strikkeoppskrifter til spinning og toving står på programmet.
Denne kvelden har dei kome saman for å feira at julehøgtida snart står for døra og for å markera avslutninga på eit felles strikkeprosjekt dei har hatt gåande den siste tida.
— Me har hatt samstrikk av vottar, fortel husflidslagsleiar Marianne Eidhammer og viser fram eit knippe fargerike vottar dekorert med julehjarte og juletreborder.