Det er siste fredag før advent og tid for julemesse i lokalet til dagsenteret i Sandeid. Julepynten er på plass og faklane ved ytterdøra tent. På kjøkkenet ligg nysteikte vaflar klar til servering og lyden frå kaffitraktaren ber bod om at nytrekt kaffi er i emning. Ein etter ein stig handlelystne marknadsgjester inn døra for å sjå kva årets julemesse har å by på. Som vanleg er utvalet både stort og variert, og alle borda i opphaldsrommet er dekte av handlaga varer av høg kvalitet som brukarane av dagsenteret har jobba med gjennom heile året.
— Her var det mykje fint. Eg har aldri vore på julemesse her før og det er kjempekjekt, seier nepaslfødde Thira Maya som har busett seg i Ølen.
Ho plukkar med seg eit par heimestrikka sokkar og ein del andre varer frå eitt av utstillingsborda, og med hendene fulle av varer ruslar ho rundt i lokalet på jakt etter fleire julegåver å fylla handleposen med.