Oppdrettsgiganten Marine Harvest jobbar mot klokka for å nå sin eigen plan om oppstart av settefiskproduksjon i Fjæra 1. november i år. Men dei har ikkje lukkast med å lande alle naudsynte avtalar med grunneigarar på Rullestad. Kimen i konflikten handlar om kor mykje retten til utnytting av vassressursar øvst i Fjæra-vassdraget er verdt.
Kraft-krøll
I utgangspunktet hadde Marine Harvest Norway AS avtale med kraftprodusenten SKL om å nytte vatn som kraftprodusenten allereie hadde fått konsesjon for i den nye Håfoss kraftstasjon. Men store utfordringar knytt til andre konsesjonssaker i Åkrafjorden har sete mellom anna bygging av kraftlinje på vent. Dermed har SKL også lagt Håfoss-planane på is. Dermed måtte Marine Harvest Norway (MHN) sjølv søke om konsesjon for å demme opp Rullestad-vatnet.