Ein forvaltningsrevisjon av innkjøpsrutinane i Etne kommune avdekka fleire brot på forskrift for offentlege anskaffingar.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Har ikkje råd til ny tinghusklokke
Tinghusklokka frå 1968 let seg ikkje reparere, og kommunen har ikkje midlar til å kjøpe ny.
Den er kanskje ikkje eit like stort landemerke for Etne som klokka på Oslo rådhus er for hovudstaden, men også den gongen arkitekt-ekteparet Anna og Jostein Molden i si tid teikna Etne kommune sitt tinghuset (opna 1968), sytte dei for å teikne plass til ei dugeleg klokke på veggen.
Men no har tida gått i frå den tilårskomne klokka. Det har faktisk gått fleire år sidan urverket hardnakka begynte å påstå at rett tid er 10.20 eller 22.20, heile døgnet. Til varierande grad av frustrasjon for både fastbuande og andre forbipasserande.
— Litt flaut