Håpar på stor nok eldreomsorg
— Me er opptatt av at det skal bli nok omsorgs- og sjukeheimplassar, seier Hårajuvet.
Helse og omsorg var heilt sentralt då kommunedirektør Yngve Folven Bergesen presenterte sitt forslag til budsjett for 2026 og økonomiplan 2026–2029 tysdag.
Ikkje med i bygdestrid
For å møte behova i åra som kjem, foreslår kommunedirektøren eit nytt eller ombygd omsorgssenter til ein rekna kostnad på opp mot 800 millionar kroner, der kommunen sjølv må finansiere om lag 500 millionar.
Fredag seier Hårajuvet at det er litt tidleg å uttale seg om omsorgssenter-forslaget i budsjettframlegget. Ho peikar på at Pensjonistforbundet følgjer den nasjonale handlingsplanen til forbundet sentralt og vil arbeide for at det blir tilstrekkeleg med plassar i kommunen.
— Noko lokasjonsdebatt vil me ikkje gå inn i no, svarar Hårajuvet på spørsmål om kvar ein eventuell sjukeheim skal liggje.
Vindafjord kommune har i dag to omsorgssenter: Vindafjordtunet i Vats og Ølen omsorgssenter. Ein rapport frå konsulentselskapet Agenda Kaupang anbefalte å gå ned til ein institusjon, og i førre budsjett gav kommunestyret administrasjonen klarsignal til å starte arbeidet med dette.
I rapporten frå Agenda Kaupang blei det peikt på som ei moglegheit å samle alle omsorgsplassar på Vindafjordtunet og leggje om plassane i Ølen til bemanna bustadar. Ei arbeidsgruppe for omstilling i helse i Vindafjord konkluderte tidlegare i år med at det ikkje er formålstenleg å gjere dette no. Hårajuvet viser igjen til at deira fokus er å syte for at det er nok omsorgsplassar, og at dei ikkje tar del i noko bygdestrid om kvar desse skal vere.
Skal få fakta på bordet
Lokallaget har nyleg fått tilsendt ei spørjeundersøking frå sentralt hald i Pensjonistforbundet, og resultata frå denne skal danne grunnlag for vidare arbeid med ulike aspekt innanfor eldreomsorg. Dei vil gå i djupna på tala frå undersøkinga og framskrivingar på kor mange omsorgsplassar dei vil trenge, så vel som behova for bemanna bustadar og heimebaserte tenester.
— Når me har fått kartlagt gjennom undersøkinga, veit me litt meir om kor skoen trykkjer. Me må ha fakta på bordet før me kan konkretisere tiltak, meiner Hårajuvet.
Dei skal gå gjennom tala den næraste månaden og sjå kor mykje som trengst på kvar plass. Leiaren understrekar at Pensjonistforbundet Vindafjord skal gjere eit grundig arbeid.
Ho trekk fram rekruttering og det å behalde folk i eldreomsorga som den største utfordringa framover. Når det gjeld bruk av velferdsteknologi, meiner Hårajuvet at dette er viktig, men at det ikkje passar for alle.
— For dei som kan ta det i bruk, er det viktig – både for tryggleik og for å avlaste tenestene, seier ho.
Legg til rette for kunnskap
Forutan spørsmålet om sjukeheim, er arbeidet med ny helse- og omsorgsplan eit sentralt tema i Vindafjord for tida. Måndag arrangerte Pensjonistforbundet Vindafjord eit informasjonsmøte på Sjøperlo i Ølen.
— Det var eit veldig bra møte med om lag 75 frammøtte. Kommunalsjef Sigurd Gjerdevik for helse orienterte og svarte på spørsmål. Han tilbydde å kome tilbake seinare i prosessen. Me syter for å leggje til rette for at det kjem informasjon, men det er kommunen som har saka, fortel Hårajuvet.
Dei har hatt fleire informasjonsmøte tidlegare. Leiaren understrekar at Pensjonistforbundet vil halde seg orientert og vere ein aktiv part i prosessen mot den nye planen. Dei har kommunalsjefar på orienteringsmøte og følgjer dei politiske kommunemøta.
— Me prøver å hente inn så god informasjon som mogleg før me kjem med uttalar om den og andre saker om eldreomsorg, seier Hårajuvet.
Forbundet forventar at den endelege planen tek høgde for dei faktiske behova i eldreomsorga så langt ein klarer.
Eit sentralt poeng for kommunedirektøren då han presenterte budsjettforslaget, var at kommunen ikkje berre må tenkje på dei næraste åra, men løfte blikket mot 2035–2040. Hårajuvet seier at det viktigaste er at kommunen tek høgde for demografien og ikkje planlegg for få omsorgsplassar.
— Det må bli tilstrekkeleg kapasitet. Heimesjukepleia må også styrkjast viss folk skal bu heime lengst mogleg, seier ho.