Dagleg leiar Merete Vårvik Matre gir seg etter fire år i Medvind Næringshage. Arkiv
Håpar på god overgang for næringshagen
Dermed er jobben som dagleg leiar for næringshagen i Ølensvåg ledig. Det handlar om næringsutvikling, nettverksbygging og profilering av lokalt næringsliv, ifølgje nettstaden medvind24.no som er næringshagen sin nettkanal, men som Omega Design AS leverer innhaldet i. Avtroppande dagleg leiar Merete Matre Vårvik opplyser at ho ikkje har ein jobb å gå til i første omgang.
Pust i bakken
— Dette har eg ikkje gjort før med å seie opp jobben først og så finne ut kva eg skal gjere vidare. Eg vil stoppe opp og finne ut kva eg har lyst til. Eg har bakgrunn i marknadsføring og kommunikasjon som er eit naturleg felt å gå inn i, seier Matre.