Screen Shot 2020-12-09 at 10.33.33

Hanne Krog syt for julestemning

I kveld blir det julekonsert med Hanne Krogh og Thomas Ruud på Skakke, og arrangøren opnar litt opp og ønskjer 120-130 publikumarar velkommen.

Publisert Sist oppdatert

Sist helg var det også konsert, men då var restriksjonane strammare og berre 50 personar slapp inn i kinosalen. Nå opnar både Vindafjord og Etne kommune opp etter ein månad med strenge tiltak for å stoppa smitten av covid-19.

Dagleg leiar på Skakke, Gøril Eidhammer opplyser at smittevernlegen har gitt grønt lys for 150, men Eidhammer ønskjer å vera forsiktig og opnar opp for litt mindre no i første omgang.

Kinosalen på Skakke har 340 fastmonterte sete. Både Krogh og Ruud har stått på scenen her fleire gonger før, og det er berre å gle seg. Kombinasjonen av den unike evna Hanne Krogh har til å skapa varm, klok og slagferdig julestemning, og dei største stemmene i nasjonen som storslagent får boltra seg i musikkens klassikarar, har skapt ein av dei største suksessane i norsk kulturliv.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS