Handelsvekst som resten av landet
Anne Åsheim Stople i Hans & Grete i Ølen er i ein bransje som mista handel i fjor. I løpet av dei snart 35 åra ho har drive butikken, har ho aldri opplevd før at folk fornyar garderoben i så liten grad. Årsakene til det er fleire.
— Folk skal jo ingenting med dei smitterestriksjonane som har vore. Vi var stengt ned i ein periode i fjor vår og no i den siste smittebølgja. Bryllaup blir utsette, få skal i konfirmasjon, det ikkje behov for nye, fine kle til 17. mai og feiringar blir avlyste. Slik var det i fjor, men no gleder eg meg og håpar på at det kanskje blir ei endring snart, seier Stople.
Daglegvare vinnaren