Gud han gav sin kjære sønn

Han sa det, han som er Guds son: For så elska Gud verda at han […]

Publisert Sist oppdatert

Han sa det, han som er Guds son: For så elska Gud verda at han gav son sin den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv». Klarare og enklare kan det vel ikkje seiast, ingen er utanom Guds kjærleik.
Du som endå ikkje har teke imot Jesus, må gjera det snart. Du får ikkje betre tilbod i ditt liv. Orda til profeten Esaias kjem meg i tankane: Søk Herren medan han er og finna. Kalla på han den stund han er nær». Er det viktige ord ? Skal eg og du vera med den dagen Jesus hentar si brur ? Dette har alltid vore eit alvorleg spørsmål for meg.
Kva må til i Etne og dei andre Grannar-bygdene for at dette må skje. Dette stykket vert ein innbydelse. Eg les i Grannar om den evangeliske aksjonen i Ølen. Dette gleder mitt hjarta. Endå ein gong skal me få ha ein evangelisk aksjon. Eg hugsar i 1957 i Grindheimskyrkja. Måtte det same skje nå. Alle som ventar på vekkelse, skal me verta einige om å be? Send vekkelse og tak til med meg.

Erik J. Grønstad

Powered by Labrador CMS