Rundt påsketider i år fekk den unge skjoldabuen eit noko spesielt gebursdagstips i postkassen sin. For då Matilde Hustveit fekk spørsmål frå foreldra sine om kva ho ønskte seg til fødselsdagen sin, kom 19-åringen til å tenka på turen ho var på med Ølen vidaregåande skule og THK-stiftelsen til Korosten i Ukraina i 2016.
— Eg klarte aldri heilt å leggja det frå meg. Det var så mange fæle historier frå barneheimen me besøkte, som ikkje gir heilt meining. At små barn kan bli forlate slik på gata. Dei har ingenting, og her sit eg og har alt liksom, seier Matilde.
Bursdagsønsket hennar er derfor å samla inn skrivesaker og anna nyttig utstyr til barna og ungdommane ho møtte på skulen og barneheimen i Korosten.