Duoen Hagle skal spela gratis konsert i Ølen på sankthansaftan. Pressefoto
Gratis kino og konsert
Onsdag 23. juni skjer det endeleg noko igjen etter månadar med nedstenging og restriksjonar. Då blir det arrangert gratis kino og gratis konsert med bandet Hagle utanfor kulturhuset i Ølen, og billettane er allereie lagt ut for henting.
— Det er lenge sidan ungdommen har hatt noko å gle seg til, og no håpar me dei kan få ein kveld dei hugsar lenge, og som blir ein god oppstart på sommaren, seier dagleg leiar i Ølen kulturhus, Jarle Ljosnes.
Utekinoen blir servert på storskjerm og filmen som blir vist, er Jumanji – Next Level med blant anna Kevin Hart, Dwayne Johnson, Jack Black og Karen Gillian. Ein morosam film som passar for dei fleste. Litt seinare på kvelden går country-rap-gruppa Hagle på scenen med låtar som Bøgda, Armen i kærmen og Traktor, for å nemna nokre. Hagle fekk eit stort gjennombrot på tampen av 2020, etter å ha vore med i serien Rådebank på NRK.