Gratis aktivitetar heile dagen
Haustferien har så vidt byrja, men på Skånevik skule og Skakkesenteret i Etne er det ikkje feriestille. Til saman 170 elevar har møtt opp for å delta på kurs innan forskjellige kulturgreiner.
— Me har stort sett halde oss til kurs innanfor det tilbodet kulturskulen og bibliotektet gir, men har lagt til nokre andre kurs, mellom anna skating og grafitti, forklarer kulturkonsulent i Etne kommune, Liv Kari Bødtker.
Tilsaman 25 instruktører skal lose elevane frå 1. til 10. klasse gjennom dagen. Nokre grupper har same opplegg både før og etter formiddagsmat, andre grupper får forskjellige opplegg. Alt dette er fastsett på førehand med grunn av korona restriksjonar.