Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Vindfjordhallen brann ned 22. juli 2019. Nå godtek Vindafjord dommen og vil ikkje anka til lagmannsretten. Arkivfoto: Jon Edvardsen
Over tre år er gått sidan Vindafjordhallen brann ned i juli 2019. Fristen for å gjenreise svømmebasseng og bygdehus er juli 2025. Vindafjord har mål om å opne nybygg i 2024.

Godtek ei avkorting på 10 prosent

Etter at klagefristen for dommen i Haugaland Tingrett, mellom partane Vindafjord kommune og forsikringsselskapet KLP Skadeforsikring, gjekk ut 12. oktober har ingen av partane valt å ta saka vidare. Dommen inneber at Vindafjord kommune godtek ei avkorting på 10 prosent mot 30 prosent som forsikringsselskapet helst hadde sett skulle bli det endelege resultatet.

— Me hadde håpt på ikkje avkorting. Det er skuffande sidan me har teikna ei fullverdig forsikring og me meiner at me ikkje har gjort feil. Men me får bøya oss for domstolen og gå vidare, seier ordførar Ole Johan Vierdal.

Skulle ein av partane ha valt å gå vidare til lagmannsretten kunne resultatet slått begge vegar. Dessutan kunne det dratt ut i tid.

Powered by Labrador CMS