Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ein sparer både tid og pengar dersom ein stoppar ladinga av elbilen når han har nådd 80 prosent, ifølgje Naf. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Ein sparer både tid og pengar dersom ein stoppar ladinga av elbilen når han har nådd 80 prosent, ifølgje Naf.

Gode råd om lading av elbilen

NPK-NTB: Å fullade elbilen er både dyrt, tidkrevjande og unødvendig, seier Naf, som har ein klar beskjed til alle sommarbilistar: Det held å lade til 80 prosent.

— Rådet vårt til alle som skal hurtiglade, er at dei ikkje ladar elbil-batteriet til meir enn 80 prosent. Hovudårsaka er at dei siste 20 prosentane gjerne tek veldig lang tid å fylle, seier senior kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i Naf.

— Det blir dyrt for deg, og i tillegg bidreg lang ladetid til auka kø og irritasjon ved ladestasjonane, seier han.

Ei fersk undersøking frå samferdselsorganisasjonen viser at over 200.000 elbilar skal ut på vegane i sommarferien. Dermed kan det liggje an til kø på ladestasjonar rundt om i det ganske landet.

– Du sparer både tid og pengar på å heller avslutte ladinga og leggje inn ein kort ladestopp til viss du treng det, framfor å lade til 100 prosent på ladestasjonen, lyder sommartipset frå Sødal.

Powered by Labrador CMS