God løysing for alle partar

Vikedal ressurssenter er namnet på rusinstitusjonen som opnar torsdag. Sist onsdag inviterte dei nye leigetakarane […]

Publisert Sist oppdatert

Vikedal ressurssenter er namnet på rusinstitusjonen som opnar torsdag. Sist onsdag inviterte dei nye leigetakarane bygdefolket til orienteringsmøte. Dei møtte mannsterkt opp og stilte mange kritiske spørsmål, men var likevel ikkje negative til etableringa.

På møtet kom det fram at stiftinga, som har lang erfaring med rusbehandling i Nord-Rogaland, har langsiktige planar for Vikedal Ressurssenter, som har opsjon på forlengja leigeavtale eller forhandling om kjøp. Sjølv om ingen av dei frammøtte var negative til etableringa, ville dei vita kva eit slikt senter kunne føra med seg. Dei fekk grundige svar og blei roa ned med at det er nulltoleranse for bruk av rusmiddel på institusjonen. Etter permisjonar blir det tatt prøvar og dersom nokon har sprokke, blir dei sende direkte til avrusing.

Den nytilsette avdelingsleiaren, Kari Vik Stuehaug frå Sandeid, inviterte bygdefolket til å vera i dialog med det nye senteret og oppfordra dei til å ha ein låg terskel for å ta kontakt. Ho håpa dei ville få til å byggja gjensidig tillit i bygdesamfunnet. Ho poengterte at det er særs viktig for henne at ABR-senteret opererer med nulltoleranse for rus.

Det nye senteret må vera ei god løysing for alle partar. Eigaren av Vikedal Sæter, som har møtt på mange problem etter at han kjøpte Mo skule for nokre år sidan, kjem ut av ein vanskeleg situasjon. Senteret vil gi mange arbeidsplassar til bygdefolket og andre. Og ikkje minst er det eit tilbod til alle dei som kjempar med å komma seg ut av rusproblema sine. Dei som kjem til Vikedalsdalen er personar som sjølve er motiverte for å få eit betre liv og fortener all den støtte dei kan få for å nå målet.

Powered by Labrador CMS