Glad for avklaring. Sindre Jacobsen har både plukka bildelar og vore vitne til mange nestenulykker i Mørkelikrysset.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Gler seg til sikkert kryss
Førre veke kom nyhendet om at arbeidet med det særs trafikkfarlege krysset på Mørkeli kan starta opp til hausten. For Sindre Jacobsen er dette ei gledeleg melding. Sjølv har han vore vitne til tallause nesten-ulykker frå stovevindauget i sin tidlegare bustad like ved E134, og har høyrt bremsene kvina på lastebilar og andre køyretøy som må stoppa for bilistar som skal svinga av frå europavegen eller for hjort på vandring.
— Det er med livet som innsats å køyra her. Eg har sett mange skumle situasjonar og lastebilar som høgg i bremsene, seier mannen som har purra på både vegvesen og vegdirektorat for å få fart i utbetringa.
— Eg har vore i dei i fleire år, men har berre fått til svar at det manglar midlar eller at midlane er flytta til andre prosjekt. Dei har lurt seg unna. Men det er fabelaktig at det blir ordna nå. Det er på høg tid, seier han.