Kommunane tjener godt på leggje til rette for havbruk. Her frå Marine Harvest sitt anlegg på Molnes.
FOTO: MARINE HARVEST
Glade laksekommunar
Regjeringa har i to omgangar i år seld rett til å auke lakseproduksjonen til havbruksaktørane. Dette gir no inntekter til alle kommunar i landet der havbruksnæringa har produksjon. Den samla produksjonsauka på om lag seks prosent skjer berre der vekst er tillate, og det vert inga produksjonsauke på Vestlandet denne gongen. Men alle kommunar som har oppdrettsaktivitet frå før, får del i midlane som vert fordelte etter eksisterande produksjonskapasitet i kvar enkelt kommune.
Utrekningar som sjømat-produsentane sin interesseorganisasjon Sjømat Norge har gjort, tyder på at Vindafjord kommune får 11 millionar kroner og Etne 6,8 millionar kroner.
Dei presiserer at tala er førebelse. Summane vil bli endeleg stadfesta først i oktober månad.