Kjell Gjendem i baren med scena i bakgrunn.
FOTO: NILS TOKHEIM
Gjestegården satsar igjen
Det er for tida ingen aktivitet i Old River Saloon i Etne. Saloonen konkurrerte med Ølen Gjestegård dei første åra etter tusenårsskiftet, og fekk etter kvart overtaket.
— Me satsa meir på hotell- og kafédrift, seier dagleg leiar og eigar Kjell Gjendem.
Dei leigde etter kvart ut kjellarlokalet, og etter mange års drift vart det fasa ut rundt 2005 etter at det var sjeldnare at noko vart arrangert der nede.