Eit renovasjonsselskap i Stavanger-området har starta gjenbruk av farleg avfall. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Eit renovasjonsselskap i Stavanger-området har starta gjenbruk av farleg avfall.

Gjenbruk av farleg avfall

I Stavanger-området har eit renovasjonsselskap drive med gjenbruk av brukbart avfall. No vil dei ha med gjenbruk av farleg avfall i ordninga.

Publisert Sist oppdatert
Ivar er selskapet for vatn, avlaup og renovasjon i 12 kommunar i Stavanger-området, Jæren og i Ryfylke, skriv NRK Rogaland.

På den største gjenvinningsstasjonen deira har nokre fått ein litt annleis sommarjobb. Dei tek kontakt med folk som leverer avfall og spør om det verkeleg må kastast, eller om det kan brukast opp att. .

Om søppelet er mogleg å brukast, blir det lagt ut for sal i Bruktbuå. Den har eksistert ei stund, men det som er nytt er at ein kan kjøpe til dømes white-spirit der.

Kvart år leverer folk inn 450.000 liter måling, 30.000 liter vaskemiddel og 100.000 liter løysemiddel. Ifølgje Ivar er minst 30 prosent av dette framleis brukbart. Om ein berre reknar på vaskemidla og løysemidla, kan gjenbruksandelen vere oppe i 80 prosent.

– Fram til i dag har det farlege avfallet gått til destruksjon. Men det er mykje betre om vi kan bruke opp att avfallet, seier Tord Tjelflaat, assisterande avdelingsleiar for gjenvinning i Ivar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS