Gir ut nesten hundre personlege dikt
Å gi ut ei diktbok er ingen årelang draum som er blitt oppfylt for Jan Otto Hovda (62). I grunnen synest han aldri han har vore god nok, men så sigra forfengelegheita.
Han har kalla debutboka si for Hovdaverk» og den vesle brune boka er blitt ei samling med mellom 90 og 100 dikt som han har skrive dei siste to åra. Jan Otto Hovda frå Vikebygd har laga dikt i årevis, men har aldri hatt ein plan om å gi dei ut i bokform.
— Eg har alltid likt å skriva dikt, men å gi ut ei diktbok er ikkje ein gamal tanke eg har bore på i årevis. I grunnen synest eg aldri det eg har skrive har vore godt nok til å dela med andre, og sjølv om boka i dag er reell, synest eg framleis ikkje det er godt nok i forhold til den standarden eg ønskjer, seier Hovda og legg til at han siktar mot førebiletet sine. Og det er ingen kven-som-helst»
Inspirasjonskjelde