Medvind-bygget i Etne.
FOTO: RAGNHILD KRISTINE LØKKEN.
Næringsliv
Gir gründerar kontor
— Me meiner det er viktig å samle næringslivet i Etne, spesielt dei som allereie ikkje har rokke å bygga seg opp eit solid nettverk, seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim til Medvind24 si nettside, som var først til å omtale saka.
Hjelp i startgropa
Gjennom å tilby gratis kontorplass vil kommunen hjelpe dei som er i startfasen å etablere si eigen bedrift. Gründerar kan søke om kontorplass på inntil tre månadar om gongen. I første omgang er det ein kontorplass som blir tilbode gründerar. Ordføraren håpar at dette vil vere eit bidrag som kan hjelpe til suksess ute i bedriftene.