Bente Imsland Birkeland (t.v.), Amalie Vanvik-Rennesvik, Kjerstina Nesheim, Magnus Staknes Hauge, Ole Magne Leite, Dag André Apeland Skarpeid og resten av elevane på ungdomstrinnet har samla inn julegåver til Hjelpende Hånd Haugalandet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Gir bort sekkevis med gåver
På skuleplassen ved Vikedal skule står fullpakka sekker med julegåver på rekkje og rad. Kvar julegåve er pakka inn i miljøvenleg gåvepapir og merka med eigen til og frå lapp, i tillegg til ein liten lapp der det står kva alder og kjønn innhaldet kan passa best til. Dei ferdigpakka gåvene skal leverast til den frivillige organisasjonen Hjelpende Hånd Haugalandet og vil bli delt ut til barn og unge som elles kanskje ikkje ville fått så mange gåver på julekvelden.
— Dette går til ei bra sak, seier 10. klassingen Ole Magne Leite.
Ungdomstrinnet