Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord stiller på generalforsamlinga i SØK AS der kommunen vil stemme for at 30 prosent av verdien av selskapet skal inn i ei allmennyttig stifting. Foto: Jon EdvardsenOrdførar Ole Johan Vierdal (Sp) er bekymra over dei høge straumprisane. Arkivfoto: Jon EdvardsenOrdførar Ole Johan Vierdal (Sp) er glad for meir industriaktivitet i kommunen. Arkivfoto: Jon Edvardsen
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) er på Medvind-bygget i Sandeid på onsdag.

Går lenger enn styret i SØK

Det kan bli lokal rift etter aksjar i SØK AS dersom det blir eit reint kommersielt selskap. Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) har fått marsjordre om å stemme for at 30 prosent av verdiane skal gå til ei stifting for allmennyttige formål.

Publisert Sist oppdatert

Generalforsamlinga i SØK AS i dag blir ein finale i kampen om verdiane selskapet har gjennom aksjeposten i Haugaland Kraft. I avstemminga har alle, store som små eigarar, ei stemme kvar når skjebnen til ein indrefilet i pengeplassering blir avgjort.

Trass i at Vindafjord-ordførar Vierdal kjem med ein rimeleg stor aksjepost, har også han éi stemme slik som ein vanleg huseigar i kommunen. Det sørgjer vedtektene i selskapet for.

På fredag hadde 208 personar som representerer 256 aksjonærar meldt seg på til generalforsamlinga, men ingen aksjonærar blir stoppa i døra sjølv om dei ikkje har meldt seg på før møtet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS