Fryktar VM-toget gjekk

— U 23-VM i Tyskland har vore eit av dei store måla i vinter. Det […]

Publisert Sist oppdatert

— U 23-VM i Tyskland har vore eit av dei store måla i vinter. Det toget gjekk nok nå, seier Thomas Vestbø.

I dag blei han nummer 18 i årets første Noregscup-renn. Vestbø blei 12. beste U 23-løpar på 30 kilometer duathlon i Steinkjær. Sandeid-guten meinte han burde ha vore på pallen eller i nærleiken av den, for å koma i betraktning når Noregs skiforbund skal ta ut kva løparar som skal representere Noreg i det prestisjefylte U 23-verdsmeisterskapet.

Chris Jespersen frå Skånevik blei nummer 21 i Steinkjær.

Powered by Labrador CMS