Fryktar for vegfinansiering
Frå nyttår overtar fylkeskommunane administrasjonen for fylkesvegane, og Statens vegvesen har rekna ut til det må fylkeskommunane ha 1.850 årsverk. Fylket eig 80 prosent av vegane i Rogaland.
— I utgangspunktet skulle det vere ein nullsum når fylkeskommunane overtar oppgåver frå Statens vegvesen. Eg er redd for at det er underfinansiert og at vi må kutte i vidaregåande skular og investeringar for å overta oppgåvene, seier Bergsvåg, påtroppande fylkesordførar i Rogaland.
Han har ikkje funne noko i statsbudsjettet for 2020 som er positivt sett med fylkeskommunale brille.