Frp-politikar Sivert Bjørnstad meiner det må bli slutt på jaktforbod i romjula.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Frp vil ha slutt på jaktforbod i romjula
Frp meiner det er feil at det ikkje er lov med jakt i romjula. Landbruksministeren er open for ei oppmjuking av reglane.
– Når folk har fri, og tid og høve til å bruke naturen og følgje stjernene, bør vi ha eit lovverk som legg til rette for nettopp det, seier Frp-politikar Sivert Bjørnstad til Dagens Næringsliv.
I Noreg er det ikkje lov med jakt i perioden 24. desember til 31. januar. Ifølgje Norges Jeger- og Fiskerforbund er Noreg det einaste landet i Europa der det er ulovleg med jakt i romjulstida.
Bjørnstad meiner det er mogleg at argumenta for dagens reglar hadde god grunngiving på 1950-talet.
– Men med dagens briller er det lite som kan forsvare eit slikt forbod, seier han.
Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) viser til at regjeringa arbeider med ny viltlov. Tre aktuelle alternativ er å behalde dagens ordning, opne for jakt nokre dagar i romjula eller ei fjerning av forbodet, seier Pollestad.
– Eg heller nok for min del mot ei løysing der det blir løyst opp noko, men der det framleis er freding i kjernen av jula, seier han.