Terje Halleland (Frp) ved E134 i Ølen sentrum.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
FRP vil bygge heile Bakka-Solheim
Ny E134 mellom Bakka i Etne og Solheim i Skjold har vore eit folkekrav i Etne, Vindafjord og Haugalandet elles i mange år. I komande rullering av Nasjonal transportplan (NTP 2025-2036) har regjeringa som kjent lagt inn ny E134, men vil berre prioritere strekninga frå Bakka i Stordalen til Mo i Etne i komande periode.
Det er ikkje nok, meiner Frp, som no har presentert sitt alternativ til NTP.
— Frp har lagt inn heile Bakka-Solheim i komande periode. Me startar med Bakka-Mo, men då som eit delprosjekt av Bakka-Solheim. Blir dette vedteke, vil ein straks kunne gå i gang med regulering av resten av strekka frå Mo til Solheim. Og når ein då er ferdig med å bygge Bakka-Mo, vil ein kunne halde fram med bygging vidare vestover, seier stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp).