Fretex må seie nei
— I enkelte område må me no be folk vente med å levere. Dette er […]
— I enkelte område må me no be folk vente med å levere. Dette er ein uheldig situasjon, og det er ikkje slik me ønskjer at det skal vere. Det er trass alt tøyet me får av gjevarane som gjer at me kan oppretthalde butikkane, seier Jan Erik Knudsen, distribusjonsleiar i Fretex Vest-Norge AS.
Containerane som tar i mot brukte klede frå folk i Ølen, blei for nokre månader sidan fjerna. Det same er tilfelle i Haugesund. Mange kjem til Frelsesarmeen sitt utsal i Ølen og blir overraska når dei ikkje får kvitte seg med sekkene med gamalt tøy.
Taper på eksport
— Me har dei siste åra sett ei mindre avtaking på eksportbiten, og dette gjer at me ikkje kan ta i mot så mykje som før, forklarer Knudsen.
Han skuldar på ein pressa verdssituasjon med strengare grensekontrollar, og meiner dette legg føringar på Frelsesarmeen sin lange tradisjon med å eksportere tøy ut i verda. Det har, i følgje Knudsen, dei siste åra blitt vanskelegare å kome over ein del grenser med eksportlass.
— Mindre sal ute fører til større prispress på eksportvarer, og dette gjer at me taper. Ei løysing blir dessverre at me må be ein del folk vente ein periode med å levere, held Knudsen fram.
Han veit ikkje kor lenge situasjonen vil vare, eller om containerane på Haugalandet vil bli sette opp igjen. Nærmaste leveringsstasjon for folk her i distriktet er no Stavanger, Bergen eller Voss.
Større prispress
Knudsen forklarer at av 100 leverte sekker, har normalt 20 av dei blitt tatt hand om av sorteringsarenaene i Stavanger og Bergen. Derfrå blir mesteparten av tøyet send til butikkane i området, medan ein liten prosentdel med skada tøy blir rive opp og laga om til naudhjelpsteppe.
— Dei åtti gjenverande sekkene har normalt gått via vår søsterorganisasjon i Sverige til eksport ut i verda.
— Leveringsstansen ein del stader har altså ikkje samanheng med at folk har byrja å levere meir tøy?
— Nei, me har hatt jamn levering heile tida.
— Held salet i Fretex-butikkane seg også stabilt?
— Me har merka litt nedgang. Større prispress frå dei store kjedene har gjort at me må gå ned i pris, svarer Knudsen, som ikkje legg skjul på at gjenbruksbutikken merkar konkurransen på klesmarknaden.
— Det er første gong me kjem i situasjonen at me må fjerne containerar. Me er i ein pressa situasjon, og me må gjere vurderingar heile tida. Dette er ikkje nokon ønskjetilstand, avrundar Knudsen.