Etter eit kraftig fall i klesinnsamlinga, har Fretex no lansert ein ny måte å donere klede på.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Fretex: Kraftig fall i klesinnsamlinga
Sidan 2018 har mengda på klede i innsamlingsboksane til Fretex gått ned med 36 prosent. No vil klesinnsamlaren gjere det lettare for folk å levere inn brukte klede.
– Vi ønskjer å gjere det enklare å gi til Fretex. Difor har vi saman med Posten utvikla ei løysing der folk kan levere det dei vil gi i si eiga postkasse, i ein pakkeboks eller på nærbutikken sin med Post i butikk, seier Kristin Hareide, direktør i Fretex Miljø.
I 2018 tok Fretex i mot 20.800 tonn kle i Fretexboksane rundt om i landet. I 2023 var talet 13.250 tonn. Forklaringa til nedgangen mistenker dei er auka konkurranse om folk sine brukte klede, mellom anna frå digitale plattformer.
–Alle tiltak for å få til meir gjenbruk er bra, men skal Fretex halde fram med å vere ein viktig del av Frelsesarmeens fattigdomsnedkjemping, miljøsatsing og beredskap, treng vi å ta imot klede og andre gåver, seier Hareide.