Fraktar musikantane til fjells
Det nærmar seg Vikedal Roots Music Festival, og festivalsjef Kristin Hafstad Stokka kan by på fleire nyheiter i programmet.
Festivalen startar torsdag med barnekonsert i båthamna, når Håkkis & Jokke står for underhaldninga. Seinare kjem lokalheltane i FYK på scenen. Gruppa blir også med til Lysenuten på fredag, når Rootsfestivalen inviterer til historisk toppturkonsert 812 meter over havet. Musikk blir det også frå Pakkers, om vêret spelar på lag med arrangørane. Denne konserten er gratis for alle som tek turen til fjells.
— Det er første gang me arrangerer konsert til fjells, og me er veldig spente på kor mange som kjem, seier festivalsjef Kristin Hafstad Stokka.
Musikarar og utstyr blir frakta til fjells med helikopter, og det må nok fleire turar til for å få alt og alle på plass.
— Me oppmodar folk til å parkere ved skytebanen i Vikedal. Herifrå blir dei ei godt merka løype som tek omlag to timar kvar veg, opplyser arrangørane på Facebook.
Så langt er det 116 personar som har varsla at dei skal få med seg toppturkonserten. I tillegg er 453 personar interesserte».
Vidare i rootshelga byr festivalen på artistar som Bjørn Eidsvåg, Tora, Vamp og Silya med meir.
Leiger inn ekstra
Festivalsjef Kristin Hafstad Stokka (30) reknar med at dei treng rundt 100 frivillige for å få festivalen i hamn.
— Me har framleis behov for folk, særleg på laurdagen, så det er berre å melde seg, seier 30-åringen.
Ho fortel at dei har færre frivilligpostar i år enn tidlegare, fordi styret opplever at det er litt vanskelegare å få tak i folk enn før.
— Me har leigd inn 10-12 personar for å ta seg av baren. Dette gjer me rett og slett for å prøve å avlaste dugnadsånda, og for vår eigen del i styret. No slepp me å bruke store deler av fritida på å få tak i vakter, seier Hafstad.
Ho reknar med at festivalen må bruke 80-100.000 kroner på vaktene i baren.
— Korleis har festivalen klart seg økonomisk gjennom pandemien?
— I og med at festivalen hadde nokre gode år før pandemien, har me klart oss greit. Utgifter til rekneskap, lager og liknande har tært på eigenkapitalen, og i år er me førebudde på å gå i minus. Me håpar sjølvsagt å gå i pluss, seier Hafstad.
Nye krefter
Årets festivalstyre består av festivalsjef Kristin Hafstad Stokka, Mari Aalmo (booking), Øyvind Blikra (teknisk), Morten Skeie (bar) og Ronny Gjermundsen (vakt).
— Alle i styret er nye, med unnatak av meg og Øyvind Blikra, fortel Hovstad.
Ho fortel at gjengen så langt har god kontroll på oppgåvene som skal utførast.
— Eg føler me er i rute, seier Hafstad.
Festivalen har kapasitet til å ta imot 2.300 personar per kveld.
— Me håpar på rundt 2.000 kvar kveld. Då er det god stemning i teltet, seier Hafstad.
Ny lokasjon
Det er tre år sidan festivalen blei arrangert på normalt vis. I 2020 blei det nettfestival, og i fjor var det ingenting. I år skal festivalen gå som normalt, men nytt av året er at dei opnar for torsdagskonsert i båthamna.
– Det er nokre år sidan me hadde det sist, og då tenkjer eg også på før pandemien. I fleire år var torsdagskonserten på vertshuset, der det er plass til litt færre, men no oppskalerer me igjen. Me prøver å sjå an stemninga, seier Hafstad.
Ho oppmodar publikum til å kjøpe pass allereie no.
— Folk må vise engasjement, dersom dei ønskjer å ha festival i Vikedal, seier Hafstad.
Flyttar fiskefestivalen
Sidan Sommarfestivalen er avlyst, er den årlege fiskefestivalen flytta til rootsfestivalen i år.
— På Sommarfestivalen har me lagt vekt på at arrangementet på dagtid skal vere gratis, fordi me meiner det er viktig at dette er eit tilbod for alle. Utgiftene til dagprogrammet har difor vore ein rein utgiftspost for festivalen, men samstundes ei viktig ramme rundt arrangementet, seier tidlegare festivalsjef for Sommarfestivalen, Anja Våg Skjold.
På rootsfestivalen blir publikum oppmoda til å løyse dagbillett.
— Fiskefestivalen kom litt brått på oss, og vil gå parallellt med konsertprogrammet i teltet. Difor seg me pris på at folk løyser billett, men me har ikkje lyst å stengje noko ute, seier festivalsjef Kristin Hafstad Stokka.