Ingrid Haugen bidrar til at barn kan utfalde seg med motocross i Vikedal.
Foto: Svein-Erik Larsen
Frå motocrossmamma til sjef
I fjor sommar blei Ingrid Haugen aktiv i motocrossmiljøet då sonen fekk eigen sykkel. Eitt år seinare er ho barneidrettsansvarleg for MX i NMK Vikedal, og leia nyleg sommarcampen for motocross i Vikedal.
Sommarcampen var blant dei største arrangementa som har blitt gjennomført i Grannar-distriktet i sommar. Heile 57 barn deltok i Vikedal helga frå 16. til 18. juli. Det var langt i frå ein lang plan bak at Haugen enda opp som leiar.
— Eigentleg var det berre Nils Reimers, leiar for MX-gruppa i NMK Vikedal, som sa at hadde han sett meg opp som det. Nokon må gjere det, så det var berre kjekt, forklarer Haugen.
Ho fortel at det gjekk kjempefint å ha leiaransvaret, og skryt av folk som stilte opp på dugnad under campen.