Frå Donald Duck til fransk fantasy
Å omsetja teikneserie frå fransk til norsk har vore ei utfordring og Frode Haaland har alltid likt utfordringar. For 21. gong har han vore med på å arrangera teikneseriefestivalen Raptus.
Det er travelt på biblioteket i Bergen, og i tre etasjar kryr det av folk. Frode Haaland frå Ølensvåg spring rundt, snakkar med folk, arrangerer evenements og er i farta. Når festivalen nærmar seg slutten har han omsider tid til ein prat.
— Det har som vanleg vore mykje å gjera, men samstundes veldig kjekt òg. Ein frivillig sa at Raptus er som julaftan. Du kjem attende til familien din». Og det er mykje sant i dette. På festivalen er det ein fin gjeng som samlast. Sjølv om det kjem nye for kvart år, er det veldig mange gjester som kjem attende hit, fortel 46-åringen.
Mange sterke minne