Fotballglede viktigare enn mål på Vikeputten
Vikebygd viste seg frå si aller flottaste side, då Vikeputten laurdag gjekk av stabelen for 24. gong. Det var sol frå skyfri himmel, varme i lufta, heia-rop og latter over heile idrettsplassen, og på grasmatta krydde det av små fotballspelarar i fargerike drakter, foreldre som heia frå sidelinja, og søsken som sprang rundt med is i handa. Det var lett å sjå at både store og små nytte dagen, og alt handla om å kosa seg, spela fotball og skapa gode minner – og ikkje nødvendigvis om å vinna.
— Me var veldig spente på vinden, men den har heldigvis ikkje kome, og det er me utruleg glade for, seier Kjetil Andre Skartland, som er styreleiar i Vikebygd idrettslag
Rune Hetland som i lag med Tore Espeland er dei to turneringsgeneralane, som slår fast at dei verkeleg fortente ein slik dag. I løpet av dei 24 åra turneringa har blitt arrangert, har dei opplevd alt frå sludd og snø til regn, vind, sol og sommar.